Kafé kvild
- goderomnet
- 5. sep. 2024
- 2 min lesing

Tidleg i vår las eg med glede i lokalavisa at Grethe Bondevik som jobbar som diakon i Luster skulle drive ny kafé for kyrkja på Pyramiden Senter.
Kaféeen Bestaos Beste var tidlegare driven i desse lokala og ein sosial møteplass vart vekke når den vart nedlagt. Med Kvild ville dei skape ein sosial møteplass der alle skal kjenne seg sett og inkludert. Felleskap, omsorg og å bry seg om kvarandre i kvardagen.
Kaféen vert driven som ein ideell organisasjon der alt ein tener på Kvild, går tilbake til drifta. Dei ynsker óg at kaféen skal verte ein stad for arbeidstrening og språkpraksis på sikt.
Dei åra etter eg har etablert meg her i Luster Kommune så føler eg at bedrifter og kommunen i Luster er så gode på å gi tilbake til lokalsamfunnet og støtte opp om ting, så eg følte det med det same at no var det min tur å gi. At her var ein stad Gode Rom kunne bidra med løysingar og fargearbeid.
Viktige stikkord for Kvild, etter samtaler med Grethe, var leikenheit, at det skulle vera ein plass for alle, inkluderande, god tid, garn og strikk, gode samtaler, ein stad folk kan senke skuldrane og kvile. At folk skulle føle seg oppløfta når dei kom inn og litt meir inspirerte når dei gjekk derifrå.
Me såg på og kom fram til løysingar ilag som gjorde bruken av kaféen meir optimal og tilpassa dei ynskjer og behov som Grethe hadde for staden. Eg utvikla fargepaletten etter stikkorda og samtalene med Grethe om kva Kvild skulle vere.
Lys var eit viktig ord som kom til meg etter samtalen, derav kom det lyse gule inn i arbeidet. Lys frå sola eller ein ny dag, lys som kjem til oss etter ein god samtale, når me føler oss sett og møtt eller når me kjenner på einsemd men så gjennom kontakt kjenner me på samhold. Viktige verdiar for det Kvild skal vere.
Ro og kvile, her kom det grøne henta frå naturen der me finn ro og pust. Rosa er ein farge som Grethe likar, så den ville me prøve å få med utan at kaféen skulle framstå rosa. Det rosa og raude gir óg litt meir jord og ro inn i paletten mot det gule og grøne.
Tapeten følte eg skulle ha naturmotiv for å bringe naturen inn i kaféen. Den vakre tapeten med lilla oliven fann eg hjå Øvrebø Fargehandel. Den passa perfekt inn mot det friske, grøne og balanserte fargane. Oliventreet er eit av dei mest symbolske trea og står for forsoning, etablering og fred.
Eg jobba mykje med ulike fargar i romma og lyset som er der før eg kom fram til ein palett eg kunne presentere for Grethe. Me jobba òg med fargane mot møblar og ting som dei skulle ha i kaféen, at det passa saman og gjorde kvarandre godt.
Fargepaletten består av fargar til vegger og kombinasjonar av desse til dei ulike rom, listverk, kjøken, kassedisk, tapet, tekstil til den nye benken og detaljer ellers.
Resultatet ser du i bilda under eller du kan ta deg ein tur på besøk og nyte ei deilig stund der.
Kaféen ligg i Pyramiden Senter i Gaupne sentrum.
Innreiing og styling av kaféen er gjort av Mona Høyheim.





Kommentarer